Hyen: Etter å sjølv ha kasta seg ut i elva og kjempa, fekk Tor Aasen frå Hovdebygda på land den største laksen han nokon gang har fått. Fisken vog heile 17,5 kilo og var ein meter og 22 centimeter lang.

Lite bading, men bra trafikk ved campingplassane

– Vi har hatt lite aktivitet i bassenget, men vi har hatt stort sett bra med overnatting i sesongen, så eg er nøgd med omsetninga, seier dagleg leiar Rune Kjørvik ved Gloppen Camping og Fritidssenter AS.
Han seier at han merkar at det er mange folk som reiser i ferien. Mange av dei vitjande er folk som kjem tilbake år etter år, men besøket på campingplassen avheng av at det er godt ver.
Hyttene har vore godt vitja i sommar, og dette gjeld også på Byrkjelo Camping.
– Vi har hatt fulle hytter, og det har vore betre enn gjennomsnittet, seier fortel Kristin Bjørkelo ved Byrkjelo Camping. Ho merkar også at det har vore færre turistar som badar samstundes som at dei har hatt ein nedgang i sal av kioskvarar ved campingplassen.

Les meir i papirutgåva.

Campingplassane i Gloppen har hatt mykje besøk, med badebassenga har stått tome.