Lofoten lokkar. Det er framleis nokre få ledige plassar att på lesarturen.

Lesarturen nærmar seg

Fem dagar i Lofoten blir utan tvil ei minnerik oppleving. Det er framleis nokre få ledige plassar.

Turen går i dagane 7.-11. august i regi av Travelnet Fjordane Reisebyrå og Firda Tidend. Solbjørg Kirkeeide opplyser at turen er populær og nesten fullteikna.

Populært reisemål

30 personar har meldt seg på, og turen går. Kanskje er det nokon som har lyst å oppleve Lofoten, men som trur det ikkje er fleire ledige plassar, seier Solbjørg. Det er nesten rett, men det er likevel eit håp.
– Turen er populær, og alle gleder seg, men vi har tre ledige plassar, seier ho. Med tanke på kva opplevingar som ventar, ønskjer både Travelnet og Firda Tidend at turen blir fullteikna. Om nokon har hatt sommarplanar som er gått i vasken, er sjansen der.

Solbjørg opplyser at turleiar vert Ole Holmestrand som opprinneleg er frå Hyen. Han har mange år i bransjen og har etablert Enjoy Travel i Oslo. I mange år har han arrangert turar til m.a. Lofoten. Med sin kunnskap har han lagt opp til ein heilt spesiell tur.

Midnattsol og natur

– Lofoten og Nord-Noreg generelt er blitt eit stadig meir populært turmål. Det er fleire årsaker, midnattsola og ikkje minst naturen, er to av dei, seier Solbjørg Kirkeeide.

Alt er inkludert i turprisen frå ein stig på bussen som tek deltakarane til Bergen, flyturen fram og tilbake, alle måltid og heimreisa til Sandane.

For meir detaljerte opplysningar er det berre å gå inn på heimesida til Travelnett der turen er omtala, eller ta kontakt med reisebyrået.