Leiteaksjon i Jølster

Det har i natt vore leita etter ein mann i 50-åra i Gjesdalsdalen i Jølster. Mannen vart meld sakna av familien seint i går kveld.

Ifølgje politiet blir det no planlagt for vidare søk, mellom anna ved å kalle inn Sivilforsvaret.

Har nokon sett han?

Ifølgje kjelder vi har vore i kontakt med gjekk leitinga i natt føre seg i området ved Bakkestøylen, inst i Gjesdalsdalen tjue minutts gange frå der bilvegen sluttar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedkomande som er sakna skal vere godt kjend i området og han er kledd i svart jakke og dongeribukse. Har nokon sett han, vil politiet ha beskjed på telefon 02800.

Opplevde leitaksjonen

Ei av kjeldene våre overnatta på Gjesdalsstøylen og opplevde leiteaksjonen på nært hald.

– Eg såg først to sterke hovudlykter på andre sida av dalen, ved Bakkestøylen. Ikkje lenge etter kom det eit redningshelikopter som søkte både høgt og lågt utover heile natta. Det vart også fleire og fleire hovudlykter å sjå, og helikopteret landa til slutt utanfor hytta og lurte på kven eg var, fortel kjelda vår som reiste heim att ut på morgonen og observerte stor trafikk av bilar opp dalen.

Politiet har i natt søkt etter ein mann i Gjesdalsdalen.