Her blir det etablert ein midlertidig leikeplass.

Leikeplassen skapte debatt

Plasseringa av ein mellombels leikeplass i Sandane sentrum skapte debatt i formannskapet måndag. Rådmannen ønskte å bruke 400.000 kroner på tiltaket. Politikarane løyvde til slutt 250.000 kroner.

Multek-utvalet handsama saka 14. april og bad då formannskapet avvise saka med denne grunngjevinga: alternativa er ikkje gode nok, kommunen sin 1000-årsplass bør vernast og den mellombelse plasseringa bør vere der vi ser for oss å ha den permanente leikeplassen. Vedtaket var samrøystes.

Då saka vart handsama i formannskapet, viste Gunnvor Sunde (SD) til vedtaket i Multek og var samd i dette.

– I gruppa vår har vi drøfta plasseringa. Å leggje til rette for ein leikeplass nær trafikkerte vegar tykkjer vi er vanskeleg, sa ho.

Rådgjevar Birte Fossheim fortalde at kommunen hadde innhenta prisar frå fire firma, der det billegaste alternativet var på 191.000 kroner pluss moms.

Les meir om formannskapsmøtet i papirutgåva onsdag.