Legg ned: Siste opningsdag i oktober
Coop Marked på Vassenden stengjer dørene for godt.
Det betyr at den eine av to Coop-butikkar i Jølster no set kroken på døra.
– Siste opningsdag er sett til 2. oktober, bekreftar styreleiar i Coop Nordvest SA, Geir Årvik til avisa Firda måndag.
Annonse
Avgjort i juni
Dette vart klart i eit styremøte allereie 18. juni, og Årvik fortel at dei tilsette er informerte om vedtaket.
Fire tilsette har i dag arbeidsplassen sin i butikken på Vassenden, fordelt på 2,1 årsverk.