Lanserer torvfri jord

No kan hageentusiastar og hobbydyrkarar ta i bruk eit nytt jordprodukt frå Felleskjøpet som er fritt for torv.

Torvfritt er det første produkt i en serie som Felleskjøpet meiner vil endre produksjonen og utviklinga av jordprodukt i Noreg. Torv, som vert utvunne av myrområder og fører med seg utslipp av CO2, har lenge vore ei avgjerande råvare for å utvikle gode jordprodukt.

No kjem eit mykje etterspurt alternativ

– Torv vert brukt for å gje god struktur i jord. Nå har vi funne fleire gode alternativ, og i produktet som kjem denne våren erstattar vi torv med resirkulerte råvarer. Dette er kompostert hage- og parkavfall, kompostert bark og hønsegjødsel, seier direktør Roy Bonnegolt i Felleskjøpets datterselskap Grønt AS.

Til hagen, fra hagen, skogen og bonden
Råvarene i Felleskjøpet brukar er hageavfall frå gjenvinningsstasjonar, bark frå sagbruk og hønsegjødsel frå fjørfeproduksjon. Ved å male dette opp og legge det på ranker for kompostering og tørking får ein eit resultat som er veleigna for hage- og hobbydyrkarar, skriv Felleskjøpet.

– Den nye jorda vert produsert i Vestfold, med alle råvareleverandørar i nær tilknyting. Dette lettar miljøet og gjev eit sluttprodukt som er klimasmart og bærekraftig, seier Bonnegolt.

I 2018 vil fleire torvfrie og torvreduserte jordprodukt i same produktserie verte lansert.

Ein pågåande råvarejakt
Felleskjøpet er bøndene sitt selskap, og i jakta på torverstatningar har restar frå landbruket vore viktig å utnytte. Ei rekke råvarer er testa og det vert arbeidd med fleire nye komponentar som kan brukast til å strukturere god jord.

Få og dårlege alternativ
Det eksisterer alternativ til torv på marknaden i dag, men dei fører ofte med seg auka utslepp i form av transport, eller gjer produksjonen vanskelegare på andre måtar.

– Kokosmasse er ofte nemnt som alternativ til torv i jord, men å importere dette er lite berekraftig med tanke på produksjon og transport. Vi fokuserer derfor på å utnytte kortreiste råvarer som alt er ein del av den biologiske syklusen i norsk landbruk, seier Bonnegolt.

Felleskjøpet har som mål å berre ha torvfrie produkt til dette marknaden innan 2030.