Innan 2030 kan fossile traktorar som denne vere fasa ut, og landbruket vere elektrifisert, kjem det fram i ein rapport utarbeidd av DNV-GL på oppdrag frå Norges Bondelag og Energi Norge. Arkivfoto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Landbruket kan bli fossilfritt innan 2030

Landbruket kan bli elektrisk dei neste ti åra, går det fram av ein rapport utarbeidd av DNV-GL på oppdrag frå Norges Bondelag og Energi Norge.

– Noreg tok ei global leiarrolle for å få fart på utviklinga i el-bilmarknaden, og no bør vi gjere det same for å vise veg mot fossilfritt landbruk, seier Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag i ei pressemelding sitert i Nationen. Ho meiner rapporten er godt nytt.

Batteri har vore ei av barrierane for å elektrifisere landbruket, men den teknologiske utviklinga av batteriet kan gjere det lettare innan 2023. Dei elektriske traktorane i dag kan ha batteri på 130 kWh, medan rapporten bereknar at dei i 2030 kan ha batteri på 400 kWh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med dette kan utsleppet frå landbruket bli redusert med 46 prosent.

Norges Bondelag og Energi Norge meiner rammevilkåra for å utvikle denne teknologien må bli betre.

– Det er behov for ei støtteordning som gjer det økonomisk mogleg for bonden å kjøpe elektriske traktorar når dei kjem på marknaden, seier administrerande direktør i Energi Norge, Knut Kroepelien.

(©NPK)