Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Lågaste straumpris på 20 år

Det har vore rekordlåg straumpris i både 2. og 3. kvartal i år. For å finne lågare straumpris for hushalda må ein må tilbake til 3. kvartal i 2000.

Gjennomsnittleg straumpris for hushalda, utanom avgifter og nettleige, var 14,4 øre per kilowattime i tredje kvartal.

Det er omtrent like låg pris som førre kvartal, og ein nedgang på heile 66 prosent samanlikna med tredjekvartal i fjor, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje vatn

NVE trekkjer i kvartalsrapporten sin over kraftsituasjonen fram at fyllingsgrada i vassmagasina i Noreg ved inngangen til 3. kvartal nær historisk maksimum, og at dette bidrog til svært låge kraftprisar gjennom første del av kvartalet.

Mykje nedbør og snøsmelting førte til at fyllingsgraden auka ytterlegare i perioden og var på 94 prosent ved utløpet til kvartalet, ifølgje NVE.

Dette er nesten 12 prosentpoeng over medianverdien for 3. kvartal i perioden 2000 til 2019.

Nedgang på 33 prosent

Den totale straumprisen for hushald, medrekna avgifter og nettleige, var i gjennomsnitt 72,9 øre per kilowattime i 3. kvartal i år, ifølgje nye tal frå statistikken Elektrisitetspriser.

Dette er ein nedgang på 33 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor. Av den samla straumprisen utgjorde kraftprisen 20 prosent, nettleiga 39 prosent og avgiftene på elektrisk kraft dei resterande 41 prosentane.

Nettleiga og avgifter utgjer ein større del av den totale straumprisen i tider med veldig låg straumpris.

Elspotpriskontraktar billegast

Hushald med kontraktar knytte til elspotprisen hadde den billegaste kontraktstypen i 3. kvartal 2020 med ein gjennomsnittleg straumpris på 12,2 øre per kilowattime, eksklusive avgifter og nettleige.

Gjennomsnittleg straumpris for variabel pris kontraktar var 22,8 øre per kilowattime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hushald med nye fastpriskontraktar over eitt år hadde den dyraste kontraktstypen i 3. kvartal med ein straumpris på 38,1 øre per kilowattime. Berre 2 prosent av hushalda hadde slike kontraktar i tredje kvartal i år.

(©NPK)