Lærdalstunnelen vil stengje på kvelds- og nattetid for å oppgradere tunnelen. Foto: Jørund Hessevik/NPK.

Lærdalstunnelen blir stengt på kvelds- og nattetid

Statens vegvesen har vedteke å stengje Lærdalstunnelen frå klokka 18 til klokka 6 når arbeider med å oppgradere tunnelen skal starte.

Vegvesenet planlegg å starte oppgraderinga av den lengste tunnelen i verda i 2025, og skal etter planen vere ferdig innan fire til fem år, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Det er ikkje mogleg å oppgradere tunnelen utan av det får konsekvensar for omverda. Vi har komme til at det er betre med kvelds- og nattestenging enn å stengje tunnelen heilt, seier leiar for tunneloppgradering Stig Berg-Thomassen i Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tunnelen er med dei 24,5 kilometrane sine den lengste vegtunnelen i verda og ligg mellom Lærdal og Aurland.

Med stenging på kvelds- og nattetid vil det ta to til tre år å ferdigstille sprengingsarbeidet i tunnelen. Det er eit til to år lenger enn om tunnelen hadde vore stengd døgnet rundt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å sleppe gjennom utrykkingskøyretøy når tunnelen er stengd.

Berg-Thomassen beklagar ulempene arbeidet vil føre til for trafikantane. (©NPK)