Kyrkjerådet fornøgd med at tilskotet til Den norske kyrkja blir vidareført

Regjeringa vidarefører tilskotet til Den norske kyrkja. Det seier Kyrkjerådet seg fornøgd med.

Breim kyrkje. Illustrasjonsfoto.

– Den norske kyrkja gir ein spesielt viktig infrastruktur over heile landet, spesielt no i krisetider. At vi får pengar til vidare drift av folkekyrkja er verdifullt, seier direktør i Kyrkjerådet Ingrid Vad Nilsen til Vårt Land.

Kyrkjerådsdirektøren seier det ikkje var knytt stor spenning til dette budsjettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er glad tilskotet ligg på det nivået som har vore. Det følgjer opp den nye trussamfunnslova, og gir oss føreseielegheit, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Statsbudsjettet inneheldt også 70 millionar koner til sikring av gamle og verneverdige kyrkjer

– Vi er glade for at regjeringa ønskjer å ta dette ansvaret, og avlaste kommunane med vedlikehald av gamle og verneverdige kyrkjer. Det lovar godt for utviklinga av eit kyrkjebevaringsprogram i åra som kjem, og det er viktig at fleirtalet på Stortinget no følgjer opp dette, seier Raaum.

(©NPK)