Talet på gardsbruk går ned, men jordbruksarealet per bruk går opp. Foto: Halvard Alvik/NTB/NPK.

Kvart sjette gardsbruk har vorte lagt ned sidan 2010

I fjor var det 38.498 gardsbruk i Noreg. Det svarer til ein nedgang på 8.126 gardsbruk sidan 2010.

Nedgangen i talet på gardsbruk sidan 2010 er dermed på 17,4 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Jordbruksarealet per gardsbruk aukar likevel tilsvarande nedgangen i talet på gardsbruk. I fjor hadde kvart gardsbruk i snitt 253,6 dekar jordbruksareal. Det er 17,5 prosent meir per bruk enn i 2010. Eit dekar svarer til 1.000 kvadratmeter.

I fjor var 9.761.605 dekar jordbruksareal i drift i Noreg – ein nedgang på 3 prosent sidan 2010.

Frå 2019 til 2020 vart det 592 færre gardsbruk i Noreg.

I snitt hadde kvart gardsbruk som har dyr, 67,6 dyr i fjor, opp frå 51,7 dyr i 2010.

(©NPK)