Kutt i kulturskulen er ikkje innsparing – det er økonomisk sjølvskading
Sunnfjord kommune vurderer no å kutte nærare 10 millionar kroner i budsjettet til kulturskulen. Det blir omtalt som ei nødvendig innsparing. I realiteten er det det motsette: eit grep som vil påføre kommunen varige tap – økonomisk, sosialt og kompetansemessig.
Sunnfjord kulturskule er ikkje eit marginalt tilbod. Med 580 elevplassar, 200 på venteliste og aktivitet på 12 undervisningsstader i heile kommunen, er dette eit av dei breiaste og mest brukte tenestetilboda kommunen har. Kulturskulen er samtidig eit dokumentert ressurssenter for frivilligheit, skule, barnehage, helse og profesjonelt kulturliv – nemnt med heider i nasjonale stortingsmeldingar.
Eit kutt på 10 millionar vil i praksis rasere heile tilbodet.
Kommunen mister inntekter – ikkje berre utgifter
Kulturskulen har i dag eit nettobudsjett på 9,8 millionar kroner, men ei total omsetning på over 17 millionar. Forskjellen kjem frå eigeninntekter: elevkontingent, sal av tenester og ekstern støtte.
Elevkontingenten aleine dekkjer:
• om lag 25 % av kostnaden for individuell undervisning
• mellom 60 og 90 % av kostnaden for gruppeundervisning i teater og visuell kunst
Dette er ikkje gratis tilbod – det er delvis brukarfinansierte tenester som fell bort dersom kommunen kuttar grunnlaget.
I tillegg kjem:
• dirigent- og instruktørtenester til seks korps (90–100 % eigenfinansiert)
• musikkterapi-stilling som er nær fullfinansiert gjennom sal av tenester
• distriktsmusikarordninga, der 75 % av utøvardelen er inntektsdekt, og der
Vestland fylkeskommune bidreg med 50 %
To av distriktsmusikarstillingane er innan folkemusikk. Desse stillingane er avgjerande for å ta vare på og utvikle våre eigne folkemusikktradisjonar. Å kutte desse stillingane vil vere å sette rekruttering og formidling innan folkemusikkfeltet i Sunnfjord tiår tilbake. Vi kan ikkje vente at andre kommunar skal ta nettopp dette ansvaret. Både elevane, spelemannslaga og Førdefestivalen, for å nemne nokre, vil tape dersom desse stillingane vert nedlagt.
Ved å kutte i kulturskulen mistar kommunen ikkje berre eigne midlar, men også fylkeskommunal støtte og brukarbetaling. Nettoeffekten blir større tap enn innsparing.
Kompetanse flyttar – og kjem ikkje tilbake
Kulturskulen sysselset 23 tilsette (17,1 årsverk), mange med høg spesialkompetanse innan musikk, kunst, teater og terapi. Dette er fagpersonar som ikkje “kan omplasserast” internt i kommunen.
Når stillingane forsvinn, flyttar folk. Med dei forsvinn:
• skatteinntekter frå den tilsette
• skatteinntekter frå sambuar/ektefelle
• lokalt forbruk
• frivillig engasjement og fagleg nettverk
I ein kommune som allereie konkurrerer om kompetanse, er dette eit strategisk feilgrep.
Kven betaler prisen?
Det er barn og unge som mistar eit trygt, meistringsbasert fritidstilbod. Det er familiar med låg inntekt som mistar friplassar. Det er eldre som mister konsertar og kulturtilbod på institusjonar. Og det er frivilligheita som mister profesjonell støtte.
Men til slutt er det kommunen sjølv som taper mest.
Å kutte kulturskulen er ikkje å rydde i ikkje lovpålagte oppgåver. Det er å fjerne ein motor som skaper aktivitet, inntekter, kompetanse og livskvalitet – og som det har tatt fleire tiår å byggje opp.
Vi har forståing for at politikarane står i vanskelege val og prioriteringar med den økonomiske situasjonen kommunen står i. Men kuttet det her er snakk om er verken effektiv eller ansvarleg økonomistyring. Det er kortsiktig nedbygging av framtida til Sunnfjord.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag v/dagleg leiar Nikolai Storevik
Førdefestivalen v/direktør Sølvi Lien
Indre Sunnfjord spelemannslag v/leiar Hilde Bjørkum
Fjellklang spelemannslag v/leiar Jon Gåsemyr
Gaular spelemannslag v/leiar Kirsti Timenes Bell
Gamlebanken spelemannslag v/leiar Oda Heidi Bolstad
Naustedalen spelemannslag v/leiar Rigmor Bjørkedal