Kulturlivet i Noreg fryktar milliardtap neste år

Avlyste festivalar, stengde teater og konsertscener og tapt arbeidskraft bidreg til at norsk kultursektor fryktar eit tap på 17 milliardar kroner neste år.

Illustrasjonsfoto arkiv.

I alt 18 prosent av heile kultursektoren har endra yrkesstatus sidan mars og 17 prosent vurderer å skifte bransje, og kulturaktørar ventar at 2021 blir verre enn 2020. Det er konklusjonen i ein rapport frå Menon Economics, omtalt i Aftenposten.

Rapporten som er laga for Kulturrådet, tek for seg konsekvensane av koronakrisa og ser eitt år framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det jobbar om lag 60.000 personar i kultursektoren, dersom ein reknar med underleverandørar, og til saman skapte dei verdiar for 28 milliardar kroner i fjor.

I år har kultursektoren tapt 32 prosent av inntektene, og dei førebur seg på at 45 prosent av inntektene forsvinn neste år. Det utgjer på 17 milliardar kroner.

Kulturminister Abid Raja (V) seier rapporten er dyster lesing og at det er uttrykk for den store uvissa som herskar i kulturlivet.

Raja peikar på at konkursar og arbeidsløyse er uunngåeleg.

– Vi ser at krisa kan bli langvarig, og at vi då må belage oss på å vidareføre tiltak. Vi har heldigvis ein robust økonomi i Noreg som gjer oss i stand til å handtere utfordringane, seier Raja.

(©NPK)