Regjeringa inviterer Stortinget til eit forlik om krisepakken. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Krisepakke på 14,4 milliardar kroner skal få Noreg gjennom «ei historisk prøve»

Forsvaret, politiet og UDI er blant dei regjeringa vil gi meir tilskot i Ukraina-pakken sin. – Dette vil krevje det beste av oss, seier statsminister Støre.

– Konsekvensane av denne krigen vil setje oss på ei historisk prøve, seier Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse om Ukraina-krigen fredag.

På pressekonferansen la han og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram forslag til ein krisepakke med tiltak til ein samla kostnad på 14,4 milliardar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom anna får Forsvaret 3 milliardar kroner ekstra for raskt å styrkje evna til avskrekking og forsvar saman med allierte og partnarar. Støre framhevar at invasjonen av Ukraina har vist at Russland er villig til å bruke militær makt for å nå måla sine.

– For norsk og europeisk tryggleik er dette eit tydeleg vendepunkt. Då er det heilt nødvendig at vi raskt styrkjer forsvarsevna vår for å møte ein endra tryggingspolitisk situasjon, seier statsministeren.

Inviterer Stortinget til forlik

UDI, politiet og Imdi får dessutan 7,1 milliardar kroner ekstra for å handtere auka asylinnreiser. Tiltaka for å handtere flyktningstraumen kostar totalt 10,7 milliardar kroner og skal leggje til rette for at Noreg i første omgang kan ta imot 30.000 flyktningar frå Ukraina i tillegg til 5.000 flyktningar frå andre område.

– Sidan råskapen held fram og tala på flyktningar aukar, så er det ingen tvil: Dette vil krevje det beste av oss i det vi kan kalle mottaksfasen, og så i den fasen som kjem når folk skal finne sin plass i eit samfunn, bli naboen til nokon, kollegaen til nokon, komme inn i eit lokalsamfunn, seier Støre.

Under pressekonferansen inviterte Vedum Stortinget til eit breitt forlik om krisepakken.

– Eg vil understreke tradisjonen vi har i Noreg om at når det er ekstra krevjande, så prøver vi òg å finne breie, samlande løysingar i Stortinget. Det kjem Sp og Ap til å ta initiativ til, seier Vedum.

Frp vil ta med drivstoffavgifter i forhandlingar

Frp varslar at partiet kjem til å trekkje dei høge prisane på bensin og diesel inn i forhandlingane på Stortinget om den nye Ukraina-pakken.

– Det er svært skuffande at regjeringa legg fram ein krisepakke utan å gjere meir for å hjelpe folk flest og bedrifter i Noreg for å handtere dei skyhøge prisane på drivstoff, straum og mat, seier Frps finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frp vil ta med krav om å fjerne drivstoffavgiftene inn i forhandlingane, seier han.

Stortingets største opposisjonsparti Høgre seier at dei er førebudde på å finne løysingar.

– Eg forventar at regjeringa òg vil komme med forslag til inndekking. For Høgre er det viktig at inndekkinga blir gjort på ein økonomisk ansvarleg måte som ikkje skaper for stort press på økonomien som kan føre til endå høgare rente, seier stortingsrepresentant Helge Orten. (©NPK)