Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) har invitert KS og arbeidstakarorganisasjonane til eit stort møte om korleis kommunane skal handtera situasjonen under koronakrisa. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Krisemøte om korona og pressa kommunar

Koronapandemien og dei store utfordringane for kommunane blir tema på eit stort møte mellom kommunal sektor og representantar frå regjeringa 6. oktober.

Møte har kome i stand etter at KS og arbeidstakarorganisasjonane sende brev til statsminister Erna Solberg og bad om eit møte med regjeringa.

– Både KS og arbeidstakarorganisasjonane får tydelege signal i kvar sine medlemskanalar om at situasjonen no er svært pressa. Alle kommunane er no organiserte etter beredskap på gult nivå. Det er i denne situasjonen ikkje lenger mogleg både å oppfylla alle ekstra krav som følgjer av koronapandemien og samtidig gjennomføra alle andre oppgåver som normalt, seier styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram, i ein kommentar på nettsidene til organisasjonen om bakgrunnen for brevet til regjeringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brevet er signert KS, LO Kommune, Unio Kommune og Akademikerne kommune.

På spørsmål frå Kommunal Rapport seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) at han vil invitera KS og arbeidstakarorganisasjonane til eit møte 6. oktober «for å få innspel til korleis vi kan koma oss styrkte ut av koronakrisa».

Astrup rosar kommunane for korleis dei har klart å omstilla seg for å ta vare på eigne innbyggjarar, og seier til avisa at det no er viktig å stilla opp for kvarandre slik at ein saman kan ta ut Noreg ut av koronakrisa.

I tillegg til kommunal- og moderniseringsministeren, blir også finansminister Jan Tore Sanner (H), helse- og omsorgsminister Bent Høie (H), kunnskapsminister Guri Melby (V) og statssekretær Oluf Ulseth frå Statsministerens kontor med på møtet dagen før statsbudsjettet blir lagt fram.

(©NPK)