KrF-leiinga kjem til Jølster

Tysdag føremiddag kjem fleire framtredande KrF-politikarar til Jølster.

I spissen for delegasjonen som skal på gardsbesøk til Inger Birgitte og Nils Kjøsnes i Stardalen, er partileiar Knut Arild Hareide og 1. nestleiar Olaug Bollestad.

Tema for vitjinga er korleis ein skal utvikle landbruket i fylket - kva skal til for å oppretthalde matproduksjonen?

Også generalsekretær Hilde Frafjord Johnsen og fylkesleiar Trude Brosvik er med på turen.