Trude Brosvik og KrF held fast på fire flyplassar i Sogn og Fjordane.

KrF held fast på flyplass-strukturen!

- Det er trist at fylket på ny får intern krangel om viktige samferdselssatsingar. Det er berre vi sjølve som taper på det. FrP og Høgre fekk gjennomslag for si E39-trasse. Dei burde då vore vel vitande om at det ytterlegare styrka Anda som flyplass.

Å foreslå nedlegging av flyplassar i indre deler av fylket for å skaffe pengar til ein etterlengta kystveg, er dårleg strategi både for flyplassane, men også for framdrifta til ein kystveg. Det vil føre til mindre samling i fylket bak begge deler, og vi blir lett bytte for alle dei andre som kjempar om samferdsle-løyvingar.

Samferdsel er viktig for utvikling. KrF vil arbeide for fire flyplassar i fylket. Det gjorde vi også i fylkesutvalet der saka vart aktualisert. Saka var ein uttale om rutekjøp. Fleirtalet meinte det var naturleg at ein også i den saka peika på kor vitig det var å halde på alle flyplassane, sidan Avinor nett hadde halde møte og fortalt at dei ville legge ned ein eller to av dei. "Den klokaste gir seg", fekk vi ofte høyre som barn. Og i dette tilfellet gjorde fleirtalet det, for å få eit samrøystes vedtak om rutekjøp. Eg opplever det derfor ekstra illojalt når FrP og H startar spekulasjonar og flyplasskrangel i media etterpå. Politisk leiarskap er meir enn eigen-markeringar.

KrF vil arbeide for mest mogeleg av samferdselssatsingar til fylket vårt, både på riksvegar, fylkesvegar, flyplassar og båtruter. Då må vi slutte med innbyrdes kampar og omkampar.


mvh Trude Brosvik,

fylkesleiar SFj KrF