STATLEG KOMPENSASJON: Det kostar å vere framoverlent og ta i bruk ny klimavenleg teknologi. No krev fylkestinget i Vestland at staten kompenserer fylkeskommunen for auka utgifter i kollektivsektoren og for grøne hurtigbåtar. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Krev statleg kompensasjon for auka kollektivutgifter og grøne hurtigbåtar

– Vestland fylkeskommune tek sin del. No må staten stille opp, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Han har eit samla fylkesting i ryggen når det gjeld kravet til staten.

Fylkestinget vedtok 2. november ei fråsegn der dei ber staten kompensere fylkeskommunen for auka utgifter i kollektivsektoren frå 2022 i budsjettet for 2024. I same fråsegn ber dei om ei kompensasjonsordning for grøne hurtigbåtar som sikrar klimakutt og eit godt rutetilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innovasjon kostar

– Vestland er i front på klimakutt, og vi har teke risiko for å kutte utslepp innan kollektivtrafikk, ferjer og no hurtigbåtar. Men det kostar å vere framoverlent og ta i bruk ny teknologi. Gevinsten i form av innovasjon, ny teknologi og store klimagasskutt gjer det verdt det. Men no krev vi at staten kjem på bana og blir med på spleiselaget, seier Askeland.

Fylkestingspolitikarane er også opptekne av dei auka utgiftene i kollektivsektoren. Prisauke er noko av grunnen til at drifta har vorte dyrare. Regjeringa kompenserte for meirutgiftene i 2023, og fylkestinget ber no om at etterslepet frå 2022 blir kompensert i neste års budsjett.