Alfred Bjørlo (t.v.) og Leidulf Gloppestad.

Krev openheit og innsyn

87 ordførarar frå Vardø i nord til Farsund i sør, og ti ordførarar frå Sogn og Fjordane, har stila eit brev til forsvarsministeren.

Initiativet til oppropet kom i februar med ordførar Alfred Bjørlo (V), Eid, i spissen, og måndag vart det oversendt til forsvarsminister Ine Eriksen Søreide:

«Underteikna ordførarar syner til brev frå 13 forsvarsorganisasjonar dagsett 25/1-17 med krav om openheit og høve til offentleg debatt om framtidig organisering av landforsvaret i Noreg.

Då Stortinget hausten 2016 handsama Langtidsplanen for Forsvaret, trekte ikkje Stortinget konklusjonar om Landforsvaret (Hæren og Heimevernet). Landforsvaret si organisering vart utsett til hausten 2017 i påvente av "Landmaktutredningen", der Forsvarssjefen har fått i oppdrag å "..vurdere ulike konseptuelle alternativer og kapasiteter som sikrer at landmakten har den innretning som er nødvendig, og at midlene brukes slik at de gir mest mulig operativ evne."

Underteikna ordførarar vil understreke at eit sterkt landforsvar er avgjerande for beredskap og samfunnstryggleik. Ikkje minst spelar Heimevernet ei nøkkelrolle sett frå ein kommunal ståstad, med sine over 40.000 personell tilgjengeleg med utstyr, trening og lokalkunnskap over heile landet, og nær påkobling til lokalt beredskapsarbeid.

Vi ser med uro på at det allereie i 2017 er sett i gong ei nedskalering av Heimevernet, før Landmaktutredningen er ferdig utarbeidd og politisk handsama.

Vi legg difor til grunn at Regjeringa sørger for at Forsvarssjefen si Landmaktstudie vert offentleggjort så snart denne er ferdig, og at dette skjer våren 2017. Då er det mulig å få ein god offentleg debatt om Landforsvaret si framtid i god tid før Regjeringa kjem med si innstilling til Stortinget i oktober 2017. »

I Nordfjord har alle ordførarane, med unntak av ordførarane i Stryn og Hornindal, underteikna oppropet.