Peder Lofnes Hauge. Foto: Thomas Brun/NTB Kommunikasjon.

Krev meir nynorsk på Nessa Nordtun si pensumliste

Mållagsleiaren reagerer.

Utdanningsdirektoratet har sendt rettleiande innhaldslister på høyring. Om lag 20 prosent av tekstane er på nynorsk. 

– Det er alt for lite Noreg blant mykje Norge, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding.

– Forsterkar det skeive tilhøvet

Han meiner desse listene fort vil bli definerande for kva lærarane presenterer for elevane sine. 

– Desse listene skal gjelde også for nynorskelevane, som allereie møter for mykje bokmål. For lite nynorsk forsterkar det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, seier han.

– Vinje, Vesaas, Aasen, Parr og Hovland er sjølvsagt med. Det skulle då også berre mangle. Om kunnskapsministeren verkeleg vil «løfte vår felles historie, våre tradisjonar og våre kulturuttrykk», må det meir nynorsk med.

– Er å bli norsk

Lofnes Hauge meiner alle norske elevar må møte meir nynorsk litteratur.

– Å lære seg både nynorsk og bokmål er å skrive seg inn i det norske – å bli norsk. Det gjeld sjølvsagt like mykje for Ole og Oline som for Ali og Aisha. Men då må den rike nynorske litteraturskatten få ein langt større plass enn det som er føreslått.

Powered by Labrador CMS