Anders Felde. Foto: Vestland Bondelag.

Krev lågare straumrekning

– Straumordning for landbruket må på plass no, seier Anders Felde.

Leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, meiner det hastar for regjeringa å få på plass ei ordning som reduserer straumrekninga til bøndene.

Auke taket

– Ein bør ta utgangspunkt i den ordninga som er laga for hushaldningane, men ein må auke taket på forbruket frå 5000 kwh til hushaldningane til 20 000 kwh til landbruket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesleiaren fortel at kompensasjonsgrada må løftast frå 55 prosent til hushaldningane til 75 prosent for landbruket.

– Ordninga må også ha tilbakeverkande kraft, slik at ein får kompensert straumutgiftene frå november månad.

Opplever høge straumprisar

– Mange bønder i område med høg straumpris opplever no straumrekningar som er 2,5 - 3 gongar høgare enn normalen.

Den høge kostnadsveksten på kunstgjødsel, kraftfôr, straum og andre innsatsfaktorar gjer at matforsyninga kan stå i fare i den komande vekstsesongen, dersom norske bønder ikkje får kompensert kostnadsveksten raskt.

– Svak lønsemd over tid har ført til at bonden ikkje lenger har ein økonomisk buffer i drifta, og det gjer kostnadsveksten ekstra utfordrande, konkluderer Felde.