Naturvernforbundet og Natur og Ungdom krev at regjeringa trekkjer det mellombelse løyvet tilbake, og stansar dumpinga av gruveavfall umiddelbart. Foto: Tor Bjarne Christensen/NPK.

Krev full stans i gruvedumpinga i Førdefjorden

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom vil stansa dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden. No klagar dei på regjeringa sitt løyve til Nordic Mining.

Publisert

Miljøorganisasjonane sender fredag to klager til departementet. Den eine gjeld løyvet Nordic Mining fekk 30. september til å dumpa 4,5 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden dei neste tre åra.

Den andre gjeld regjeringa si handtering av den tidlegare utsleppsløyvet, som Høgsterett har kjent ugyldig.

Organisasjonane meiner det nye, mellombelse løyvet bryt med Høgsteretts dom frå 17. juni 2026. Då slo retten fast at løyvet var i strid med reglane for vassforvalting.

– Vi krev at regjeringa trekkjer det mellombelse løyvet tilbake og stansar dumpinga av gruveavfall umiddelbart, seier Pernille Bonnevie Hansen, leiar i Naturvernforbundet.

Miljøorganisasjonane reagerer også på at regjeringa vil forsøka å endra dei gamle løyva, i staden for å behandla saka på nytt.

– Det er ikkje mogleg å reparera dei ugyldige løyva. Her viser regjeringa i tillegg ein alvorleg mangel på respekt for Høgsterett, seier Bonnevie Hansen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS