Stadig fleire av oss brukar turstiar i nærmiljøet. Her frå Malmruta i Røros. Foto: Magnus Dalseg (DNT).

Kraftig auke i det lokale friluftslivet

25 prosent av oss brukte lokale turstiar meir i koronaåret 2020 enn tidlegare. I Oslo svarte 65 prosent at dei brukte turstiane meir.

Dette går fram av ei undersøking Opinion har gjort for Den Norske Turistforening (DNT).

– Stiane har ei enorm betydning for folkehelsa, men det gir også ein del utfordringar vi må finne gode løysingar på. Naturmangfald og kulturminne gir rike opplevingar, og vi må ikkje leggje til rette og bruke stiane slik at desse kvalitetane blir dårlegare, seier Morten Dåsnes i Friluftsrådenes Landsforbund (FL).

Artikkelen held fram under annonsen.

DNT og FL arrangerer ein digital Sti-konferanse 16.- og 17. mars. Konferansen har som mål å vise kor viktig det er at all menneskeleg aktivitet også tek omsyn til den vesle stien som ligg der, og som er så lett å oversjå.

Det siste året har stadig fleire oppdaga stiane i nærområdet sitt og søkt ut i naturen for å kople av. På konferansen blir det presenterte nye tal som viser korleis nordmenn har bevega seg siste året. Her kjem det fram at bruken av turrutene i grøntområde i Oslo auka med nesten 300 prosent etter nedstenginga 12. mars i fjor.

– Dette viser kor viktig god tilgang til nær-friluftsområde er. Tilrettelegging og merking av turstiar gir friskare og gladare innbyggjarar, seier Dag Terje Karp Solvang. Han er generalsekretær i DNT.

Likevel viser tal frå Miljødirektoratet og SSB at under halvparten av innbyggjarane i tettstader i Noreg har tilgang til trygt nærtur-terreng.

(©NPK)