Køyretøy blei avskilta

Under ein tungbilkontroll på Kjøs onsdag avskilta Statens vegvesen eit køyretøy på grunn av tekniske manglar som ikkje var retta innan fristen.

Det vart også skrive ut fire bruksforbod:

Ein førar hadde sikra lasta for dårleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein førar måtte rydde i siktsona.

Ein førar måtte setje frå seg konteinaren, køyretøyet tilfredsstilte ikkje kravet til underkøyringshinder.

Eit køyretøy var ikkje tilstrekkeleg merkt for brei last, forholdet måtte rettast før vidare køyring.