Fjordane tingrett.

Køyrde utan førarkort – for sjuande og åttande gong

Ein sunnfjording i 30-åra må sitje 35 dagar i fengsel etter å ha køyrd bil utan førarkort for sjuande og åttande gong.

Torsdag 19. januar og fredag 3. mars i år førte mannen personbil trass i at han ikkje hadde gyldig førarkort for denne gruppa motorvogner.

I Fjordane tingrett la tiltala alle kort på bordet og tilstod utan atterhald.

I skjerpande retning legg retten vekt på at sikta fleire gongar tidlegare er straffa for same type brotsverk. I 2015 vart han bøtelagd for køyring utan førarkort ved to tilfelle. I april 2016 vart han dømd til fengsel på vilkår i 20 dagar for to tilsvarande hendingar. I november same år måtte han nok ein gong møte i retten og svare for to nye tilfelle av ulovleg køyring.

Tingretten gav då ei fellesstraff som også omfatta forholda han vart dømd for i april. Retten meinte fengsel utan vilkår i 30 dagar var høveleg straff.

No må mannen bu seg på 35 nye dagar bak lås og slå.


 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Nytt frå Gloppen og Jølster?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.