Illustrasjonfoto.

Køyrde av vegen

Naudetatane er sendt ut til ein bil som har køyrd av vegen på fv55 mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen vest for Høyanger i sjutida fredag morgon.

Det skal vere ein person i bilen. Trafikken går som normalt forbi staden, melder politiet.

Ein person måtte hentast opp frå sjøen då ein truck hamna i vatnet på Sågnes i Hyllestad torsdag. Alle naudetatar og luftambulansen vart sendt til staden.

• • •

Ein person fekk førarkortet kversett i ein fartskontoll i 60-sona mellom Loen og Olden torsdag. Vedkomande køyrde 88 km/t.

Seks førarar fekk forenkla førelegg under ein fartskontroll i 50-sona på Vassenden. Høgste fart var målt til 64 km/t. Fire førarar fekk mangellapp på lysbruk.

Ni førarar fekk forenkla førelegg under ein fartskontroll i 50-sona på Maurstad i Vågsøy. Høgste fart var målt til 71 km/t. To førarar fekk forenklaførelegg grunna mobilbruk.