Foto: Berit Roald/SCANPIX/NPK.

Koronatiltak har gjort oss friskare

Tala på tilfelle av diaré og fleire andre smittsame sjukdommar er halverte i koronatida, og årets influensaepidemi var over på 2–3 veker.


At vi vaskar hendene oftare og held avstand til kvarandre, har gjort oss mindre utsett for andre smittsame sjukdommar.


– Vi var på toppen av årets influensasesong i februar og mars, då koronaepidemien var eit stort tema. Då forsvann influensaen veldig fort, i løpet av 2–3 veker var den over, seier overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet til NRK.


Tala på innmelde tilfelle av diaré, omgangssjuke, forkjøling og barnesjukdommar, som vasskoppar og meslingar, er halverte.


– Vi har fleire diarésjukdommar som salmonella, for eksempel, som er nesten 80–90 prosent redusert. Det har nok også noko med at folk ikkje reiser til Syden i denne perioden, seier Aavitsland.


(©NPK)