Koronasmitte i Stad kommune

Ein person i Stad kommune har fått påvist smitte med covid-19 etter prøve tatt torsdag 10. september, opplyser ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding laurdag føremiddag.

Personen var allereie i heimekarantene då prøva vart tatt, på grunn av nærkontakt med tidlegare stadfesta smitta gjest frå Bergen i samband med konfirmasjon.

– Etter at prøveresultatet kom seint fredag kveld (11. september), har personen no gått frå å vere i heimekarantene til å vere i heimeisolasjon. Kommuneoverlegen følgjer opp med vidare smittesporing rundt den smitta. Nærkontaktar vert kontakta og sette i karantene, og testing vert organisert i samarbeid med legetenesta. Det er så langt ikkje påvist andre positive testar for covid-19 i samband med dette. Det er heller ikkje påvist covid-19 på andre prøver tatt i Stad kommune denne veka, skriv Bjørlo og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med det ein veit no, er det ikkje mistanke om smitte inn mot barnehagar, skular eller arbeidsplassar i kommunen, og drifta vil gå som normalt.

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld ber innbyggjarane vere spesielt nøye med smitteverntiltak i tida framover. For å førebygge smittespreiing er det viktig at alle som er sjuke held seg heime og får testa seg, og alle må ha auka fokus på god handhygiene og halde anbefalt avstand til andre.