Sju av ti nordmenn seier dei har tillit til at dei vil få tilstrekkeleg behandling av helsevesenet om dei skulle bli smitta av koronaviruset. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Koronapress på helsevesenet bekymrar fleire

Nordmenn sin tillit til at dei får god behandling av helsevesenet om dei blir koronasmitta fell, viser ei meiningsmåling.

I veka som gjekk sa sju av ti nordmenn, 71 prosent, at dei har tillit til at dei vil få tilstrekkeleg behandling av helsevesenet om dei skulle bli smitta av koronaviruset. 15 prosent har ikkje tillit til dette, viser tal frå Norsk koronamonitor frå Opinion.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilliten er no 6 prosentpoeng under snittet for pandemien.

– Sjølv om folk flest framleis har høg tillit til å få behandling i helsevesenet, er tilliten på sitt lågaste nivå sidan mars i fjor, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Ein av tre nordmenn seier dei er bekymra for å bli smitta. Det er ein auke på 5 prosentpoeng frå oktober. Samtidig oppgir 56 prosent at dei er bekymra for at nokon i familien blir smitta. Det er 13 prosentpoeng fleire enn i oktober. (©NPK)