Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland/NTB/NPK.

Koronapandemien kutta ferjetrafikken

Ferjene i Møre og Romsdal hadde ein nedgang i trafikken på 472.000 bilar i 2020.

Det viser tal frå samferdselsavdelinga i fylkeskommunen, som Sunnmørsposten har kikka på. Dei meiner reiserestriksjonar knytt til koronaen er hovudgrunnen til den kraftige nedgangen.

Den reduserte trafikken førte ikkje overraskande til at det også blei færre bilar stod att på kaia. Det var i fjor rett i underkant av 50.000 bilar som måtte stå over ein avgang. Det er knappe 15.000 færre attståande bilar enn i 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)