– Oslo var veldig ramma av pandemien, og vi brukte veldig mykje pengar, så at vi får noko tilbake, er veldig bra, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap). Foto: Ketil Bjærke/NTB/NPK.

Koronamilliardar til kommunane i saldert budsjett

Regjeringa vil gi kommunane 7,3 milliardar kroner meir i koronakompensasjon enn det som så langt er løyvd. Det blir foreslått i det nysalderte budsjettet.

Ifølgje NRK får Oslo 1 milliard kroner meir dekt. Ifølgje kanalen hadde kommunen berre vågd å håpe på 200 millionar kroner.

– Oslo var veldig ramma av pandemien, og vi brukte veldig mykje pengar, så at vi får noko tilbake, er veldig bra, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap). (©NPK)