Første koronadødsfall i Helse Førde

Ein pasient i Helse Førde som var smitta av covid-19, døydde torsdag. Dette er det første dødsfallet i Helse Førde som følgje av viruset.

Den døde var ein person over 65 år som fekk intensiv behandling ved koronakohorten på Førde sentralsjukehus. Pasienten vart innlagt ved sentralsjukehuset 29. september, skriv helseføretaket i ei pressemelding.

Grunna lovpålagt teieplikt og omsynet til personvernet kan Helse Førde ikkje gje ut ytterlegare opplysningar om pasienten.

Artikkelen held fram under annonsen.