Kjøtmeisa vart sett flest gonger under fugleteljinga i fjor. Foto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Kor mange fuglar er det i hagen din?

Laurdag 30. og søndag 31. januar er det tid for hagefuglteljing. Dette blir fjortande året på rad at nordmenn tel fuglar i hagen sin den siste helga i januar.

For at skular og barnehagar skal kunne bli med, er veka før og etter sjølve helga inkludert (23. januar til 7. februar), opplyser nettstaden fuglevennen.no.

Vi blir oppfordra til å skrive ned kva for fuglar vi ser i hagen eller ved fôringsplassen, og så leggje resultatet inn i eit nettskjema som du finn hos fuglevennen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er å kartleggje vinterfuglane i Noreg. I fjor var det kjøtmeisa som vart kongen av fuglebrettet. Fuglen vart sett i over ni av ti hagar i 2020.

(©NPK)