Konkurransetilsynet: Drivstoffkjedene tener på kraftige prishopp
Drivstoffkjedene sikrar seg høgare marginar ved å setje prisane kraftig opp fleire gonger i veka. Bilistar kan spare rundt 300 kroner på å fylle på rett tidspunkt.
Det viser ein analyse frå Konkurransetilsynet. Tilsynet har undersøkt prisane og bruttomarginane hos dei fem største drivstoffkjedene – Circle K, Uno-X, St1, Esso og YX – frå 2024 til april i år.
Drivstoffprisane i den norske marknaden følgjer eit bestemt mønster. Pumpeprisane blir sette markant opp nokre dagar i veka, før dei gradvis blir justerte ned igjen. Dei fleste stasjonane i Noreg gjennomfører prisauken i løpet av nokre timar, medan prisnedgangen skjer i ulikt tempo på ulike stader.
Prisane blir løfta på ulike dagar frå veke til veke og varierer mykje både gjennom veka og mellom ulike strøk. Fram til 2017 auka drivstoffkjedene prisane fast kvar måndag og torsdag.
Høgare marginar
– Det etablerte prismønsteret gjer at kjedene kan ta ut høge marginar i periodane etter prisaukar. Det gir høgare gjennomsnittlege marginar enn det ville ha vore med sterkare konkurranse, seier drivstoffekspert Stig Torje Bjugn i Konkurransetilsynet.
Dieselmarginane var i januar og februar høgare enn i dei same månadene dei to tidlegare åra, sjølv om både innkjøpskostnadene og pumpeprisane var lågare.
Då innkjøpskostnadene steig i mars og april, begynte kjedene også å setje opp prisane oftare. I to av vekene i mars blei prisane løfta tre gonger.
Opptil 300 kroner å spare på full tank
Samtidig kan tidspunktet for fylling ha mykje å seie for lommeboka til bilistane. Den vanlegaste forskjellen mellom høgaste og lågaste pris i løpet av ei veke er rundt 5 kroner literen. Det utgjer 300 kroner om ein fyller 60 liter på tanken.
Somme stader er forskjellen opptil 6 kroner literen.
– Bilistane bør følgje med på kva som er eit lågt og høgt prisnivå der dei bur. Det lønner seg å fylle når prisane er låge, sjølv om tanken ikkje er tom. Prisane blir sette opp på ettermiddagen, og prisane er på sitt lågaste rett i forkant av at prisane blir auka, seier Bjugn.
– Skal ikkje kjenne seg lurt
Arbeidarpartiets Tobias Linge reagerer på Konkurransetilsynets funn og meiner konkurransen i drivstoffmarknaden kan vere for dårleg.
– Folk skal ikkje kjenne seg lurt ved pumpene. Dei skal kunne fylle drivstoff til ein rett og rettferdig pris utan å måtte jakte på rett tidspunkt gjennom dagen og veka. Når prisane varierer så mykje som dei gjer og marginane til drivstoffselskapa er så høge, så tyder det på at konkurransen i bransjen er for dårleg, seier Linge.
Han sit i næringskomiteen på Stortinget og har ansvar for konkurransepolitikken.
– Eg meiner det kan vere nødvendig å setje inn tiltak for å forbetre konkurransen i drivstoffbransjen. Det gjer vi med daglegvarebransjen, og vi er ikkje redde for å gjere det same med andre bransjar, seier Linge.
Han seier han no vil invitere drivstoffselskapa til eit møte på Stortinget om prissetjinga. (©NPK)