Leiar i kommunen omkom i ulykke

Einingsleiar for rekneskap og løn i Sunnfjord kommune, Terje Guddal (59), omkom i ei arbeidsulykke i Gaular laurdag ettermiddag.

– Det var under skogsarbeid heime på garden sin på Sande at arbeidsulykka skjedde. Sunnfjord kommune har mista ein kjær leiar, kollega og ven. No tenkjer vi på dei næraste som sit att med eit sårt sakn etter Terje, skriv kommunedirektør Terje Heggheim på kommunen si nettside.