Reiseradioen med Else og Cecilie Kåss Furuseth blir glade for besøk i teltet sitt på Gloppen Camping og Fritidssenter.

– Kom og snakk med oss

Programleiarane Else og Cecilie Kåss Furuseth oppmodar folk til å kome bortom teltet til Reiseradioen på Gloppen Camping og Fritidssenter.

– Det er svært triveleg når folk kjem for å snakke med oss, vi vil gjerne at fleire gjer det. Vi blir her til og med laurdag, fram til det er det berre å kome, seier dei.

Nøgde med Gloppen

Programleiarane har hatt ein god start på opphaldet i Gloppen, og takkar alle dei flinke hjelparane sine. Det er takka vere dei at starten har gått så bra.

– Vi har vore over middels heldige med vêret, og fått ein koseleg første dag her på Sandane, fortel Cecilie Kåss Furuseth.

– Både Reiseradioen og Sommeråpent er lågterskeltilbod, og eg vil oppmode folk til å kome innom. Det er fint med alle som vil seie hei, eller sitje rundt og høyre på oss, legg Else Kåss Furuseth til.