Tarjei Bjørkum Vereide.

Klatra til tredjeplass etter to sigrar

GHK-herrane vann begge kampane i 3. div. i helga og klatra til tredjeplass på tabellen.

Laurdag vart Stord 2 slått med ti mål. I dag vart Os slått 18-30 i ein kamp GHK kontrollerte inn etter ein første omgang der heimelaget heldt følgje til pause. Då leia GHK med fire mål.

Dårleg start

-Vi fekk ein litt dårleg start på kampen. Etter åtte minutt leia Os 4-1 og vi tok ein time-out, fortel trenar Kjell Aske. Det gjorde susen. GHK-spelarane tok tak og melde seg på.

-Vi hadde litt stang ut i slutten på omgangen og kunne ha leia meir. Då brende vi to straffer, forklarer trenaren. GHK gjekk derfor til pause med ei kjensle av at dei hadde kontroll på motstandaren.

Ville styre kampen

-I pausen var vi veldig klare på at vi ville gå ut og styre kampen, seier Kjell Aske. Det gjorde spelarane, og GHK kunne kontrollere utover i omgangen.

Tarjei Bjørkum Vereide vart dagens spelar med ni mål og får ros frå trenaren for solid innsats. Kjell Aske gjev også ros til målvakta Paul Remi Kvandal også i denne kampen.

Kollektivet

-Men heile kollektivet fungerte, slår trenaren fast. Han fortel at junioren Håvard Lothe fekk spele dei siste ti minutta og dermed smake på nivået. Han scora to mål.

-Han er ein fin type eg har tru på framover, seier Kjell Aske.

GHK har klatra til tredjeplass på tabellen, og Aske meiner GHK no er der dei ønskjer å vere, men dei fire poenga i helga er tekne mot dei to botnlaga. Han er tilfreds med helga og meiner 22 plussmål er godkjent. No ventar Sogndal og deretter to tøffe bortekampar i januar.

Kampfakta

3. div. handball herrar

Os - GHK 18-30 (10-14)

GHK: Paul Remi Kvandal, Vetle Ottesen (2), Bjørn Magnus Nystad, Erlend Ulvestad, Runar Gåsemyr (5), Edvin Øygard (4), Vegard Sælen, Håvard Lothe (2), Tarjei Bjørkum Vereide (9), Erik Koopmans, Magnus Ødven Gryting (1), Ørjan Sundal (4), Vegard Moritsgård Flatjord (3).