Håkon Skeistrand (f.v.) Martin Midtkandal, Sofie Kvernevik og Juliane Beckmann var med på å lage ekte geitost. Til høgre Ester Løvland som kan kunsten.

Klasse 10A fekk lære å lage ekte geitost

– Det er litt for gale å bu i Gloppen og ikkje vite korleis ekte geitost vert laga, smiler Ole Marius Løvland Stegane. Det ville han gjere noko med.

Ole Marius Løvland må seiast å vere meir enn middels interessert i geitehald, med så bur han i Kandal og er bestefar Atle Løvlands høgre hand. Det har han vore i fleire år, sjølv om Ole Marius berre er tiandeklassing.

Inviterte

I ein skuletime kom det for dagen at verken læraren eller medelevane visste korleis ekte geitost blir laga.

– Å bu i Gloppen og ikkje vite det, er litt for gale, seier Ole Marius som like godt inviterte heile klassen og læraren med til Ytre Kandal og Nes-støylen. Her er det rett nok verken beitande geiter eller støylsdrift lenger, men det gamle støylsmeieriet er restaurert og sett i stand for fleire år sidan. Her skulle det ystast på gamlemåten.

For Ole Marius og klassekameratane Martin Midtkandal og Vebjørn Sundal Førde starta førebuinga kvelden i førevegen. Dei deltok i mjølkinga på garden. 130 liter geitemjølk vart maskinmjølka og deretter separert slik at fløyta vart fjerna. Det vart 35 liter til saman.

– Deretter varma vi mjølka opp til 33 grader og hadde opp i løype for å få mjølka til å skilje seg, fortel dei.

Les heile saka i papirutgåva måndag.