Rakel Sørhaug og Frida Bjørnereim i Ungdommens ressursgruppe (URG) Sogn og Fjordane gleder seg til UKM-festivalen i Nordfjordhallen i helga.

Klart for årets UKM-festival Sogn og Fjordane

Blitz frå Fjaler, Hans Høie frå Gulen og konferansier Camilla Liseth frå Selje er nokre av ungdommane du møter i Nordfjordhallen i helga. Då er det nemleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.

I løpet av festivalhelga 29.-31. mars deltek ungdommane på sceneframsyningar og utstillingar som er opne for publikum. Unge konferansierar leiar framsyningane, og i kulissane er det mange unge arrangørar. UKM Media med ungdommar frå kommunane og medielina ved Sogndal vidaregåande skule tek bilete, filmar og lagar reportasjar frå festivalen.

NRK Sogn og Fjordane sender framsyningane direkte på nettsidene sine.

URG tek sosialt ansvar

I tillegg til dei «vanlege» UKM-framsyningane og kunstutstillinga, blir det konsert på Måløy Brygge og Måløy Stormarked på dagtid laurdag.

Rakel Sørhaug og Frida Bjørnereim i Ungdommens ressursgruppe (URG) Sogn og Fjordane gleder seg til festivalen.

– Vi har jobba lenge med å førebu det som skal skje i Nordfjordhallen. Vi har ansvar for det sosiale og skal arrangere både jam og ulike konkurransar for deltakarane, fortel dei.

Mange workshops

Å få prøve nye ting er ei viktig side ved UKM-festivalen. Difor skal deltakarane vere med på workshops både laurdag og søndag.

– Det blir veldig mange kjekke workshops. Vi gleder oss spesielt til workshop i dans og improteater, seier Rakel og Frida.

I tillegg blir det workshop i mellom anna låtskriving, sceneopptreden og målekunst. Heilt nytt er workshop i E-sport.

Vidare til nasjonal festival

Eit fagpanel skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonal UKM-festivalen i Stjørdal i juni. Innslaga og utstillingsarbeida som blir plukka ut, skal representere breidda av ung kultur i fylket. Også konferansierar, arrangørar og deltakarar i UKM Media får delta på den nasjonale festivalen.

UKM-festivalen Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune som eig arrangementet, og Vågsøy kommune som er hovudarrangør.