Det omframme årsmøtet i Coop Vest på Skei tysdag sa eit klart ja til å fusjonere med Coop Orkla Møre til Coop Nordvest. Røystetalet var 25 for tre mot det nye Coop Nordvest. Her frå møtesalen på Skei Hotell.

Klart fleirtal for Coop-fusjon

Det vart tysdag skrive eit stykke Coop-historie, etter at årsmøta i Coop Vest og Coop Orkla Møre med stort fleirtal sa ja til fusjon.

Den nye Coop-giganten, som vil strekkje seg frå Sogn til Trøndelag, får namnet Coop Nordvest. Her blir det 144.000 medlemmar fordelt på fem regionar, med 2300 tilsette i 140 butikkar.

Det var sett fram til Coop Vest sitt omframme årsmøte på Skei med spenning. Etter ein god og sakleg debatt, var det til slutt 25 som sa ja og tre nei til fusjon. I Coop Orkla Møre sitt tilsvarande møte var vedtaket om å seie ja samrøystes.

- Det rette tidspunktet

- Det er i framtida moglegheitene ligg. No var det rette tidspunktet å gjere vedtaket på. Vi må vurdere situasjonen for Coop Vest i dag, opp mot det den kunne bli om nokre år, om vi skulle halde fram som eige lag, seier styreleiar Wilhelm Gjertsen, som under årsmøtet vart valt til nestleiar i styret for det nye Coop Nordvest. Han peikar på at samyrkjelaga i Noreg stadig posisjonerer seg for ei tøffare framtid.

- Vi har ein kvardag med stadig hardare konkurranse og nye utfordringar. Det er viktig å sikre omsetning og marknadsdelar i denne kvardagen. Ut frå dette, og det som er nedfelt i fusjonsplanen og den sokalla mogelegheitsstudiet, er det vi har oppnådd veldig bra. Det er ein sterk og god start for Coop Vest sine interesser i det nye Coop Nordvest, seier Gjertsen. Han er nøgd med eit så klart resultat etter den skriftlege røystinga på årsmøtet.

Visjonen

Større økonomiske musklar, meir kompetanse, større gjennomslag i Coop-systemet nasjonalt, trygging av verdiar og arbeidsplassar, var nokre av momenta som vart trekte fram til fordel for ein fusjon. Det vart også poengtert at både Ålesund og Førde skal ha viktige oppgåver i det nye selskapet, sjølv om forretningsadressa vert Orkanger. Til Coop Vest-administrasjonen i Førde skal leggast drifts- og personalansvar, sameleis strategi og utvikling, sponsoransvar, marknadsavdeling, kommunikasjon, og ikkje minst den vidare satsinga på lokalmat.

Det vart også peika på at dei to selskapa som fusjonerer er ganske like i oppbygging, og at dei har mange små butikkar.

-  Coop Nordvest får i alt 52 Marked-butikkar og blir desidert størst i Coop i den kjeda. Dette gjev større slagkraft for dei minste butikkane våre, og det vil styrke distrikta, seier Gjertsen.

Ingen skal miste jobben som følgje av fusjonen.

- Visjonen er at vi saman skal skape Noregs mest framtidsretta samyrkelag, som skal bli ein dominerande aktør i sitt område, understrekar Wilhelm Gjertsen.

-  Eit fyrtårn

Men styret sitt framlegg om fusjon, møtte også motbør på årsmøtet.

-  Eg har tvilt meg frå eit ja til eit nei, sa Helge Råd frå Gloppen.

-  Årsaka til det er at Coop Vest er veldig flinke. Ein har vore nyskapande og framoverlena, spesielt på lokalmat. I Coop Norge-systemet bør dei vere eit fyrtårn heller enn eit slaktoffer, sa Råd.

Han peika likevel på at dei endringane som har kome inn i det siste, m.a. at dei tre kontora i Orkanger, Ålesund og Førde, er garantert eksistens i minst ti år, har gjort overgangsordninga betre.

- I rett retning

- Dette er ei sak vi har jobba mykje med. Sjølv om eg og trur at Vest kan leve åleine, er vi klare på at fordelane med fusjon er større. Førde-kontoret får store og viktige funksjonar i det nye selskapet, viste styremedlem Geir Årvik frå Stadlandet til.

Han la spesielt vekt på at dei små butikkane ville stå sterkare.

Ingar Warholm frå Moltustranda hadde ikkje vore på noko reise i denne saka.

-  Eg har vore klar frå dag ein. No er vi i rett retning. Det er berre å gå vidare!

Og slik gjekk det.  I tillegg til Gjertsen, vart Geir Årvik, Stadlandet, Britt Tjønneland, Førde og Kari Riise, Hareid valde inn i det nye styret i Coop Nordvest.