Sogn og Fjordane-delegasjonen på SV-landsmøtet i helga.

Klare for SV-landsmøtet

I dag opnar SV-landsmøtet på Clarion Hotell på Gardermoen. Sogn og Fjordane SV er på på plass med sin delegasjon, og melder i ei pressemelding at dei er klare til å ta kampen for ein framtidsretta landbrukspolitikk.

«Høgre-Frp-regjeringa har nyleg lagt fram landbruksmeldinga med tittelen «Endring og utvikling« der ein set opp «kostnadseffektiv matproduksjon» som eit overordna mål for landbrukspolitikken. Regjeringa har mellom anna foreslått å kutte ned på talet på kvoteregionar for mjølkeproduksjon, og endre eller avvikle fleire av marknadsordningane i landbruket, og å avvikle avløysarordninga. Dei vil også ta bort prosentmålet for auka økologisk produksjon.

Bønder over heile landet har protestert mot denne politikken, og Norges Bondelag har kalla meldinga «eit angrep på landbruket frå alle kantar».

Vi i Sosialistisk Venstreparti vil kjempe for eit framtidsretta landbruk i lag med bøndene. Vi meiner at regjeringa sin liberalistiske landbrukspolitikk vil verke sentraliserande, og at dei fleste av tiltaka den nye meldinga er feil medisin, ikkje minst for landbruket på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Sosialistisk Venstreparti vil at landbruket framleis skal bidra til spreidd busetnad. Vi vil prioritere små og mellomstore bruk, og jobbe for ei god inntektsutvikling i næringa.

Vi vil arbeide for eit sterkt grensevern, strengt vern av matjord og ein produksjon basert på lokale råvarer. Vi vil vidareføre ordningane der samvirkeorganisasjonane utøver marknadsregulering.

Dette er ordningar som har fungert og tryggja bøndene sine kår i over 80 år»

Sogn og Fjordane SV