Eivind Øygard vart nr 3 på 5 km under Oslo Maraton

Klare for debut i eliteklassa

– Det blir ein kamp for å unngå nedrykk, seier lagleiar Johnny Solheimsnes. I morgon skal Jølster IL for første gong springe i eliteklassa i Holmenkollstafetten.

I fjor gjekk jølstringane heilt til topps i klasse F2 Menn Senior og rykte opp til eliteklassa som det tredje laget frå Sogn og Fjordane gjennom tidene. I stafetten i morgon er målet å kome mellom dei 16 beste av dei 20 laga i klassa og dermed sikre plassen.

– Vi saknar Ørjan Kjøsnes, som har lagt opp. Elles har vi med dei vi ønskjer, seier Johnny Solheimsnes og fortel at sju av jølstringane som skal i aksjon er under 20 år, dei fleste andre i byrjinga av 20-åra.

Unntaket er Alexander Peveri på 38.

Solheimsnes trekkjer fram fire av dei 15 etappane som nøkkeletappar.

Den 1200 meter lange 1. etappen på Bislett tek Matias Førde seg av. Han overlèt pinnen til Alexander Peveri, som skal springe 1130 meter opp den frykta Norabakken. Knut Olav Øygard spring den 1910 meter lange 4. etappen, betre kjend som berg- og dalbaneetappen. Tvillingbror Eivind skal også i år springe den lengste etappen, 2840 meter frå Holmendammen til Monolittveien. Dette er 10. etappe.

– Eivind er den klart beste løparen vår. Han møter fleire av toppløparane på mellomdistanse i Noreg, så det blir artig å sjå etappetida hans mot lag som Tjalve og Gular, seier Solheimsnes.

Han trur Jølster vil henge bra med i feltet i første halvdel av stafetten.

– Vi har eit litt svakare lag på slutten enn i starten, så spørsmålet blir kva som skjer på dei siste etappane tilbake til Bislett. Sannsynlegvis må vi kjempe for å bli mellom dei 16 beste, seier han og kryssar fingrar for at Jølster blir å finne i eliteklassa i den tradisjonsrike stafetten også i 2018.