Sport: Under junior-NM i Tønsberg slo Trude Raad til med både gull i sleggje, gull i diskos og sølv i kule. Fleire av dei andre utøvarane frå Gloppen Friidrettslag sette personlege rekordar, og lagleiar Jørund Årdal er svært godt nøgd med innsatsen.

Klagar på for dårleg busstilbod

– Det er heilt bak mål, er Marie Fossheim (16), Marte Dvergsdal (15) og Karianne Fossheim (17) einige om.
– Vi kjem oss jo ingen veg. Politikarane vil at vi skal bli buande i distriktet, men det freistar ikkje når tilbodet er så dårleg som i dag.
Etter klokka fem på laurdag ettermiddag er det umogleg for jentene å kome seg nedover mot Førde. Ekspressbussen frå Trondheim, som elles går frå Skei klokka 21.10 er innstilt laurdagar, og bussen frå Oslo som køyrer frå Skei 23.05 vil ikkje ta på passasjerar. Det er òg vanskeleg for dei å kome seg heim til Jølster både i helg og på kvardagar, då siste buss går frå Førde kvar dag klokka halv ni.

Les meir i papirutgåva.

– Det blir sånt eit styr om ein skal noko at vi ofte ikkje orkar all planlegginga, innrømmer Karianne Fossheim (t.v). Marte Dvergsdal og Marie Fossheim er einige.