Helseminister Ingvild Kjerkol seier at regjeringa følgjer situasjonen frå time til time etter at omikronvarianten onsdag vart påvist i Norge. Foto: Marius Helge Larsen/NTB/NPK.

Kjerkol: Har planar for å handtere smitten

To tilfelle av omikronvarianten er påvist i Øygarden kommune. Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at Noreg er førebudd.

– Eg forstår at det kan verke skremmande på nokon, men vi har vore førebudde på det både i Noreg og internasjonalt, og har planar for å handtere smitte omgåande, seier Kjerkol til NTB.

Onsdag vart det stadfesta at to tilfelle av den nye virusvarianten omikron er påvist i Øygarden. Dei to personane som er smitta, har vore på reise i Sør-Afrika.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjerkol fortel at dei smitta er sett i isolasjon, og at nærkontaktane deira er i karantene.

Helseministeren vil onsdag halde pressekonferanse om omikronsmitten. Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) og helsedirektør Bjørn Guldvog kjem òg til å vere til stades.

Ikkje overraska

Verken helsedirektør Guldvog eller assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad er overraska over at omikronvarianten no er påvist i Noreg.

– Det viktigaste er at kommunar med påvist smitte driv effektiv smittesporing. Vi må òg vere førebudde på at det kan vere skjult smitte i landet allereie. Derfor er gjeldande smittevernråd svært viktige å følgje for alle, seier Nakstad.

Guldvog seier at Folkehelseinstituttet og Helsedirektoretat løpande vil gi råd til dei ramma kommunane om korleis situasjonen skal handterast vidare framover.

Fleire tilfelle til analyse

Ei rekkje mistenkte tilfelle av omikronvarianten er onsdag til analyse ved ulike laboratorium i landet, opplyser FHI.

Tysdag vart det kjend at Ullensaker kommune har sendt tre positive koronaprøvesvar til sekvensering for omikronvarianten.

Kjerkol seier at det viktigaste no er å setje opp vaksinetempoet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den nye virusvarianten understrekar behovet for eit høgt tempo i vaksinasjonen med første og andre dose til dei som ikkje har fått dei, og oppfriskingsdose til dei som skal ha han. Vaksinearbeidet må prioriterast, seier Kjerkol.

Stramma inn

Regjeringa har den siste tida innført fleire tiltak for å bremse spreiinga av omikronvarianten i Noreg. Før helga vart det bestemt at alle reisande frå åtte land sør i Afrika må i karantene når dei kjem til Noreg.

Innreisetiltaket vart følgd opp av strengare reglar for karantene og isolasjon for personar som kan vere smitta med omikronvarianten og nærkontaktane deira.

– Saman med FHI og Helsedirektoratet følgjer vi situasjonen frå time til time og ser på om tiltaka skal justerast eller forsterkast, seier Kjerkol.

(©NPK)