Even Hole i Jølster Skisenter kan glede seg over både mykje natursnø og at dei har fått laga den kunstsnøen dei treng. Arkivfoto.

Kjempestart i Jølster skisenter

Jølster skisenter opna for snart to veker sidan og dagleg leiar Even Hole smiler frå øyre til øyre medan snøkanonane lagar snø og folk kosar seg i bakken.

– Vi har det kjekt med snø og kulde og gjestene våre kosar seg. Vi køyrer for fullt med snøproduksjon, når dagen i dag er omme, har vi det vi treng av kunstsnø, fortalde Hole i går om den rekordtidlege opninga.

Masse natursnø
Også dei som køyrer utanom dei preparerte traseane i skisenteret har det fint, fortel Hole som har ein meter lengst oppe og 60 cm snødjupne nede ved mellomstasjonen.

– Vi har også ansvaret for dei som køyrer utanfor dei preparerte traseane, så dette er kjekt, smiler Hole.

Han har ein familiebakke som allereie no er betre enn i heile fjorårssesongen. Når det gjeld nedste delen av anlegget, manglar det litt enno før det er klart. Grunnen er temperaturen på vatnet som gjer det vanskeleg med snøproduksjon der.

– Så lenge Jølstravatnet er ope, blir det slik, forklarar Hole.

Somme ligg på vent
Når det gjeld trafikken, er Hole det han kallar brukbart pluss nøgd så langt. Den tidlege opninga har ikkje heilt gått opp for alle enno, trur han.

– Mange sit nok og lurer på om dette er eventyr, eller om det kjem til å vare. Vi har fem driftsdagar/kveldar så langt og nærmar oss ein halv million i omsetning, så det likar vi. Vi treng kvar krone vi kan få inn, men det er også viktig for oss at folk kosar seg, og at dei ser at vi står på. Etter kvart vil vi også setje løyper slik at dei aktive kan trene her. Og så håpar vi sjølvsagt på god stemning i jula.

– Nordmenn må kunne tre ting; symjing, orientering og skigåing, avsluttar Hole som også ser mykje trafikk i fjella rundt Jølstravatnet om kveldane og som har løypenettet i Gjesdalen.

– Vi kjem snart til å få trafikk austanfrå som vil utnytte desse fantastiske fjella, trur mannen som har farta verda rundt på ski og har sett det meste av vintersportsstadar.

Full fart også på Kleivane
Også langrennsfolket gleder seg over den tidlege snøen og kuldegradene. På Kleivane i Gloppen er det mykje trafikk og god stemning, fortel Astrid Fjellestad Hauge i skigruppa i Fjellhug/Vereide IL. Ho seier at opninga i år er av dei aller tidlegaste, men for nokre år sidan køyrde dei løyper frå 10. november til 7. mai.

– Vi har over ein halv meter snø i det lågaste partiet, men rundt meteren på høgaste punktet av løypene. Folk kosar seg på ski, dei siste kveldane har det også vore måneskin, fortel Fjellestad Hauge som håpar at det held fram slik og at det kanskje kan bli skigåing 17. mai neste år.