Kjem det noko cruiseskip i dag, skal tru?

Ein flokk kanadagjæser hadde ei stille morgonstund ved Gjestebrygga i Sandane sentrum onsdag. Kanskje håpa dei det skulle kome inn eit cruiseskip, og at passasjerane kunne ha ein godbit eller to på lur? I så fall må dei vente nokre dagar. Neste cruiseanløp på Sandane er laurdag, då kjem MS «Deutschland» på vitjing for tredje gong i år.