- Vi tykkjer det er så kjekt at vi kan ha denne butikken på Sandane. No satsar kjeden berre på større stader, seier Magni Slagstad (f.v.), Venke Ervik Tystad og Oddlaug Wiik Schjølberg. Ingrid Eide Johansen er laurdagshjelp i butikken og kunne ikkje vere til stades då Martha Sundal Engeland og Jan Paulen overrekte kake, blomster og diplom.

Kåra til Årets handelsbedrift

Wagner/Savoy er kåra til Årets handelsbedrift 2015 i Gloppen kommune. Kundane meiner dei tilsette yter svært god service, har god varekunnskap og er flinke til å rettleie og gje gode råd.

Det er Nordea som har oppretta prisen, som består av ein diplom til butikken. Då kunderådgjevarane Jan Paulen og Martha Sundal Engeland overraska dei tilsette torsdag, hadde dei også med seg ein fargerik tulipanbukett og ei velsmakande marsipankake.

– Dette er ein pris vi delar ut kvart år, og i juryen har vi hatt med oss ein representant frå Gloppen Næringsorganisasjon og redaktøren i Firda Tidend. Føremålet med prisen er å betre kvaliteten og servicenivået innan handelsnæringa, samt heve den generelle kunnskapen om næringa. I november gjekk vi ut i media og etterlyste forslag til kandidatar. I etterkant av dette har vi motteke fleire forslag frå kundar. Mange er tydeleg svært godt nøgde med Wagner/Savoy og meinte at de burde få prisen i år, sa Jan Paulen under overrekkinga.

Les meir i papirutgåva måndag.