Kapstad har eit poeng

Verken fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad eller fylkesrådmann Jan Øhlckers tykkjer det byr på problem at seks av deira tilsette på den avdelinga som handsamar saka har skrive under på oppropet. Dei viser til at ingen av dei seks har hatt noko med sakshandsaminga å gjere, og at dei som privatpersonar må ha lov til å bruke den ytringsfridomen ein har i dette landet. Til sjuande og sist er det fylkesrådmannen som er ansvarleg for tilrådinga, i dette tilfellet å kome med motsegn.
Reint juridisk kan det sjå ut som fylkeskommunen har sitt på det tørre. Så lenge sakshandsamaren eller vedkomande sine overordna ikkje er involverte i saka på nokon av sidene, er dei heller ikkje å sjå på som inhabile i juridisk forstand. Likevel må dette vere ubehageleg for fleire enn Kapstad. Ein kan meine kva ein vil om kvar Astrupsenteret skal plasserast, det er flott med folkeleg engasjement og gode aksjonar, men heilt uavhengig av det meiner vi at Judith Kapstad har eit godt poeng.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag