Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum og partifellane hans i Distrikts-Noreg gler seg over gode tal i ei stor meiningsmåling i NRK. Arkivfoto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Kan bli brakval for Sp i vest

Senterpartiet stel veljarar frå alle parti og gjer at Vestland fylke er raudgrønt fem månader før valet. Sp gjer det også godt i Rogaland, sjølv om Høgre der er størst. Det går fram av Norstat sine ferske partimålingar for NRK.

Medan Senterpartiet og Arbeidarpartiet kan komme til å gjere reint bord i Sogn og Fjordane, er det eit knapt borgarleg fleirtal i Hordaland valdistrikt, går det fram av ein analyse frå NRK av partimålinga.

Senterpartiet får 38,8 prosent oppslutnad i Sogn og Fjordane. Det er den største dominansen til noko parti i noko fylke på NRK si store partimåling. Målinga viser 13,8 prosent oppslutnad i Hordaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sp stel veljarar frå alle dei andre partia, utanom Raudt. Likevel er det tre parti som tapar flest veljarar: Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet.

Den største tilbakegangen har Arbeidarpartiet, som i Hordaland hamnar på under 20 prosent oppslutnad.

Høgre, på si side, ser ut til å mista stortingsplassen i Sogn og Fjordane – det kan i så fall føre til at partiet ikkje lenger vert representert frå alle norske valdistrikt. I Hordaland tapar òg Høgre noko i oppslutnad, men held stand når det kjem til talet på representantar.

Frp ser òg ut til å slite, og har nok mista mange potensielle protestveljarane til Senterpartiet.

For Kristeleg folkeparti er målinga eit aldri så lite lyspunkt. Partiet gjer eit lite byks samanlikna med valet i 2017. Og kanskje endå viktigare: Meir enn 8 av 10 av dei som røysta på partiet sist, seier at dei vil gjere det igjen.

Høgre og Sp vinnarar i Rogaland

Når det gjeld

I tillegg til Høgre, må Senterpartiet og kunne kallast ein vinnar i målinga. Stortingsvalet i 2017 gav dei ei oppslutning på 7,5 prosent. I NRKs supermåling er dei no oppe på 13,6.

Meiningsmålinga viser derimot elendige tal for regjeringspartnarane Venstre og KrF.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om Iselin Nybø har vore synleg som næringsminister under pandemien, blir verken ho eller resten av Venstre løna for dette, skriv NRK.

Målinga for heimfylket til Nybø viser ei oppslutning på 1,1 prosent. Det er tidenes dårlegaste for Venstre.

Også landbruksminister og KrF-nestleiar Olaug Bollestad får servert dystre tal frå supermålinga. Oppslutninga til KrF har gått frå 8,4 i 2017 til 5,7 i målinga.

(©NPK)