Julia vart nordisk meister

Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda er i dag blitt Nordisk meister i vektløfting ungdom klasse 59 kg. Meisterskapen går av stabelen i Sundsvall i Sverige.

Julia løfta svært sikkert og godt med alle løfta gyldige. Med 69 kg i rykk, 80 kg i støt og 149 kg samanlagt var ho klart føre dei andre medaljetakarane, ei danske jente med 143 kg og ei finsk med 138 kg samanlagt, fortel Ola Bergheim.

Første jente frå Breimsbygda

Julia har dei nordisk ungdomsrekordane i vektklassa, og er teken ut til EM ungdom som går i Eilat i Israel i desember.

Dette er første nordiske meisterskap i vektløfting til ei jente frå Breimsbygda. Robert Andre Moldestad var første gut frå Breimsbygda då han vann junior klasse 61 kg i fjor.

Julia er elev på idrettslina ved Firda vgs der ho har vektløfting som toppidrett.